Thursday, March 8, 2007

Blogge-Tikken

Regler:Hver spiller starter med å skrive seks rare ting om seg selv. Bloggere som blir "tatt" må skrive seks rare ting om seg selv i sin egen blogg, i tillegg til å angi reglene for spillet. Til slutt velger spilleren seks nye bloggere som "har den", og lister navnene deres. Etter det er gjort, skriver han eller hun en kommentar på bloggene til hver av dem, for å la dem vite at de har blitt "tatt", og at de må lese bloggen til den som tok dem for mer informasjon.(Jeg ble tikket av http://laano.blogspot.com Liv Tone)

Dette visste du ikke om meg:

1. Eg har klubba ein person i Bergen på eit hotellrom.
2. Eg har spelt i skodespel som "Dr.Greve". Som, tru det eller ei, ikkje er så reinsleg som du skulle trudd.
3. Eg suger i å selge ting på nett-auksjon.
4. Eg er ein djevel i Dead or Alive på X-Box.
5. Eg bytter mobil ca. ein gang i året.
6. Eg dansa til 50-Cent - In da club når eg var på danacup i min spede ungdom. Eg skuldar Jägermeister.

Thursday, March 1, 2007

Tilbake frå fjelltur

Jau, kom akkurat tilbake frå fjelltur no denne regntunge Torsdagen. Me reiste Tirsdag.
Tirsdag var eg på Strandafjellet og sto på mine trufaste Carving-ski.
Onsdag og Torsdag brukte eg på å prøva ut snowboard. Det var eit jævla helvete.
Den forbanna fjøla lystrar ikkje så lett som ein trur. Eit små-skada kne og gangsperre frå Svarte-Eiriks kjøkken tyder på det.
Ellers var det skøy, litt drit at når alle er trøtte og helst vil slappa av slik i 9 tida på kvelden, me måtte tross alt opp 8, nei.. då skulle me ha det gøy. Synging sto på planen. Jahuu.

Ellers er det bare fine ting å melde, lite med skader.
Marita slo hovudet sitt litt, Kristoffer skrubba seg litt på nasa (dette resulterte i plaster/bandasje),
Arne skada handa si, han skulle raile, dum som han er.

Alt i alt, ein fin tur.
Eg vart positivt overraska over at den kvite driten faktisk kunne brukast til noko gøy.

Sunday, February 25, 2007

Tilbake i Ålesund

Jau, ein lettare skjelven stordabu landa kl. 16:00 på Vigra den 24.2.07
Koseleg.
Sleit med meg all bagasjen på diverse bussar og drog den dei par hundre meterane til skulen.
Der ringte eg Kristin, Thailand læraren, som kom velvillig og låste opp til meg.
Eg gjekk inn på rommet, satt meg ned. Ja.. kva no?
Åleine på skulen.
Det gjekk mykje i film for å sei det slik.

Eg åpna kofferten, tok utav dei "dyre" filmane frå Thailand, og satte i gang.
Huskar ikkje heilt filmane eg såg, men eg veit at Employee of the month og ein lang krigsfilm var blant dei. Sovna til krigsfilmen og våkna med vondt i hovudet. Kva bedre då enn å setta på Saw 3?
Nummeret før eg skulle inn på dassen for å spy så hørte eg skritt i gangane.
Torkil svinga seg inn på skulen i sin vanlege nonchalante "eg bur i nord" stil, og no skal me laga pizza.
Skulle egentlig kjøpe pizza, men når me var eit stykke på vegen til butikken stoppa eg brått.

Meg: Kor skal me no?
Torkil: Hmm?
Meg: Kor skal me no?
Torkil: Ehh, hmm?
Meg: Tenk. Kor skal me no?
Torkil: Til butikken..?
Meg: Ja, og kva skjer når me kjem til butikken?
Torkil: Det er låst.

Så.. me snudde.
No skal eg gå og lage pizza med Torkil, han var så smart at han kjøpte med seg på forhånd.
Vil forøvrig gratulera han med valget, biff og løk, som må være den einaste grandisen for voldtektsforbrytere og andre kriminelle.
Men eg er for svolten til å la moralen ta overhånd.

Piz ut.

Tuesday, February 20, 2007

Vinter(ferie)

Joda, blir tid til avslapping i vinterferien og, men eg gjer faktisk noko nyttig og.
Tok pappa sitt råd seriøst; (Klipp håret og kom deg i arbeid gut)

Slik ser gjerne ein dag ut,
07:30 Våkne
07:45 Ringe Kine og vekke hu, sjuvsovaren!
07:55 Kjøre til jobb, sende melding til Kine.
14:00-17:00 Ferdig på jobb, sende melding til Kine
17:00 Slappe av og henge med venner, kanskje ein film? Kven veit?
Ikkje eg. Sende melding til Kine.
23.30/01.00 Legge seg. Noko eg gløymde no? Å.. ja, sende melding til Kine.

Så, som dykk ser. Det går mykje i sms og ringing. Savner jento mi ganske mykje, men det går. Såvidt.
Ellers er det forsåvidt kjekt å være heime, ikkje så mykje som har endra seg her på Stord. Slik som det sjeldan gjer.

Holla.

Monday, February 19, 2007

Lindahl's black hole - IT'S ALIVEEE!

Joda, tenkte eg skulle slenga meg på den populære trenden, "blogging".
Vinterferien bragte med seg for mykje fritid, og noko må eg jo bruka den på. Vennelaus som eg er.

Her vil eg skriva litt om ting som opptar meg, interessar, kanskje kommentera nyhende og litt info om kva eg gjer på til vennar og bekjende som er ute i den vide verda. Alt på ekte norsk sjølvsagt.

Nyt.